Noregs vassdrag- og energidirektorat: Prisskilnaden mellom Sørvest-Noreg (NO2) og resten av Noreg auka samanlikna med veka før. Vekeprisen i Sørvest-Noreg var 45 øre/kWh medan resten av Noreg hadde ein vekepris på 24-27 øre/kWh. Fleire faktorar bidrog til dette. Sørvest-Noreg er tettare tilkopla kontinentet, der det framleis var høge prisar samanlikna med Norden. Vasskraftproduksjonen i Nord-Sverige (SE2) har auka dei siste vekene og kjernekraftverka Ringhals 3 og delvis Forsmark 1 i Sverige (SE3) kom tilbake i drift førre veke etter vedlikehald. Dette auka kraftoverskotet i Sverige, som hadde dei lågaste vekeprisane i Nord-Europa. Meir tilgjengeleg kapasitet mellom Søraust-Noreg (NO1) og Sør-Sverige (SE3) bidrog til meir nettoimport frå Sverige og lågare prisar i Søraust- og Vest-Noreg enn veka før.

Søndag kl.14 hadde Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) ein kraftpris på -58 øre/kWh. Dette er den lågaste timesprisen sidan 16. Juli 2023. Lågt forbruk, mykje solkraftproduksjon i Nederland og Tyskland og mykje vindkraftproduksjon i Polen og Sverige bidrog til dei låge prisane. Flaskehalsar i nettet førte til at  Midt-, Nord- og Vest-Noreg (NO3, NO4 og NO5) ikkje tok del i prisnedgangen.

Veke 30 var tredje veka på rad med låg kraftproduksjon i Nord-Noreg. Produksjonen var lågare enn veka før, som hadde den lågast registrerte produksjonen for området sidan før 2011. Nedgangen i produksjonen vart erstatta med import frå Midt-Noreg og Nord-Sverige (SE1 og SE2).

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

Data for kraftsituasjonen

NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.