Noregs- vassdrag og energidirektorat melder at lågare temperaturar bidrog til at forbruket i Noreg gjekk opp førre veke. Kraftproduksjonen gjekk i same periode ned, men det var likevel eit stort kraftoverskot og dermed nettoeksport av kraft. Krafta vart hovudsakeleg eksportert frå sørlege Noreg, medan Midt- og Nord-Noreg hadde nettoimport av kraft for fjerde veke på rad.

Prisane i Noreg var jamt over lågare enn på kontinentet gjennom heile veka. Vekeprisen i Sørvest-Noreg (NO2) enda på 47 øre/kWh, medan den i Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) var noko lågare, på høvesvis 38 og 40 øre/kWh. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var vekeprisen 17 øre/kWh. Prisskilnaden mellom nord og sør i Noreg held dermed fram også førre veke.

Mykje solkraftproduksjon på kontinentet og generelt lågare forbruk i helga bidrog til periodevis import av billig kraft til Noreg og Norden. I Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) var det fleire timar med negative prisar på dagtid. På det lågaste var kraftprisen -43 øre/kWh. Dette er den nest lågaste timeprisen i Noreg nokon sinne.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

Data for kraftsituasjonen

NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.