Noregs vassdrag- og energidirektorat: Kraftprisane auka i store delar av Europa førre veke. I Noreg var det små endringar frå veka før, med unnatak frå Sørvest-Noreg (NO2). Der auka vekeprisen med 16 øre, og enda på 59 øre/kWh.  Resten av Noreg hadde ein vekepris på 16-18 øre/kWh. Ei viktig årsak til auka vekepris i Sørvest-Noreg var betrakteleg færre lågpristimar i helga enn veka før. Lågare sol- og vindkraftproduksjon ga høgare helgeprisar på kontinentet, og ga samstundes rom for auka norsk kraftproduksjon og nettoeksport frå sørlege Noreg.

Ny kjelde til publiserte kraftprisar

Frå og med veke 33 bytter vi leverandør for kraftprisar i kraftsituasjonsrapporten. Dette påverkar tabell 8, og figur 15 og 16. Framover vil me ikkje publisere systemprisen eller kraftprisar for Estland. Ei anna endring er at vi framover vil nytte Noregs Bank sin valutakurs når me reknar om kraftprisen frå euro til norske kroner. Tidlegare nytta NVE Nord Pool sin valutakurs. Dette medfører at kraftprisane vi publiserer kan avvike noko frå  prisar publisert av Nord Pool og andre aktørar som nyttar annan valutakurs.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

Data for kraftsituasjonen

NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.